Å ta livet tilbake etter voldtekt!

Published:
Last updated:

Ho går på vidaregående og snakkar om kor fint livet har vorte. For berre eit halvt år sidan var livet heilt annleis. Nesten seks månader gjekk det før ho turte å seie det til nokon.

Helt på tampen av bladet Cupido inviterer vi spennende mennesker til å komme med sine tanker i tiden. I Cupido 10/2012 ba vi Ingrid Blessom ved DIXI ressurssenter for Voldtatte i Oslo, fortelle om jobben sin.


Det er sein ettermiddag på DIXI ressurssenter for Voldtatte i Oslo. Ute plaskar regnet ned og snart er det mørkt. I den svarte stolen rett over for meg sit Thea og stråler. Lang brunt hår, grålilla neglelakk og ny fargerik kjole frå Gina Tricot.

Ho går i 3. klasse på vidaregående og snakkar utan stopp om kor fint livet har vorte. Om russebuss, revy og om kor fantastiske og forståelsesfulle vener ho har. Men mest av alt snakkar ho om Daniel, guten ho har vore kjæreste med i snart to månader. Han som alle jentene var forelska i, men som berre ville ha henne. Fyrste kjærasten ho har hatt, og den fyrste guten ho verkeleg stolar på.

For berre eit halvt år sidan var livet heilt annleis. Nesten seks månader gjekk det før ho turte å seie det til nokon. Seks månader der ho over natta endra seg frå å vere ei utadvendt og glad jente med mange vener, til ei jente som kun sat framfor PC`n på rommet sitt og skreiv ned dei triste tankane sine. Ei som grua seg for å gå på skulen og som ikkje lenger ville ha kontakt med venene sine som tidlegare hadde betydd alt for henne. Kjæreste var vertfall ikkje noko ho hadde lyst på etter det ho har opplevd.

Det som skulle bli ein koseleg fest med nye og gamle venar endra livet hennar. Framleis forstår ho ikkje at den som gjorde det var ein ho kjente frå før, ein som var godt likt av alle, og som ho berre hadde høyrt fine ting om.

Dei siste vekene har vi grått og ledd om kvarandre. Mange tårer, men enda fleire smil. Ei reise der glede og livsbegjær gradvis har kome tilbake. Der eg har fått lære å kjenne ei fantastisk sterkt, kreativ og inspirerande jente. Kanskje hadde det skjedd utan meg, kanskje ville ho fått det betre uansett, men for meg har det vore ei gåve å få ta del i den reisa.

”Er det ikkje tungt å jobbe med noko som er så forferdeleg” spør folk meg om når eg seier kva eg jobbar med. Men nei, det er ikkje tungt – tvert i mot er det noko av det mest livsbekreftande eg har gjort. I dei aller fleste tilfella er det normale personar som har opplevd valdtekt, og alt det kan innebere av skuld, skam, sjølvbebreding, angst og triste tankar. Eg kjenner meg enormt takksam for at eg får jobbe med fantastiske jenter, gutar, menn og kvinner, og følje dei eit lite stykke på vegen mot sjølvrespekt og livsbegjær!

Related Articles